Capeesh Blog

Kvifor nynorsk? Kvifor Capeesh? - Capeesh

Skrevet av Øystein N. Øksenvåg | December 1, 2023 at 1:36 PM

Capeesh har nett no lansert kurset “Nynorsk for Nybegynnarar” som er eit kurs på A1-nivå retta mot alle som vil lære seg nynorsk. Kurset har språkstøtte med instruksjonar, tilbakemeldingar og omsetjingar for heile 16 språk, noko som gjer det tilgjengeleg for innvandrarar, flyktningar og minoritetsspråklege. 

 

Bokmål og nynorsk er jamstilte målformer, og har vore det heilt sidan 1885. Nynorsk er ein viktig del av Noreg si historie og sjølvstende, viktig for nasjonal identitet og for å bevare den norske språktradisjonen. Nokre av våre mest kjende forfattarar har skrive og skriv på nynorsk: Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge Jon Fosse, Frode Grytten, Carl Frode Tiller og mange fleire, og nynorsk er òg målforma til Det Norske Teatret i Oslo.

Ikkje berre kulturarv, men òg bruksspråk.

11,6 prosent av elevane i grunnskolen har nynorsk som hovudmål og nynorsk vert brukt over heile landet, ikkje berre på Vestlandet. I alle dei største byane er det elevar som har nynorsk som hovudmål. Alle fylke i landet har nynorskbrukarar og det finst institusjonar og verksemder i heile landet som nyttar nynorsk.

Språk er kommunikasjon

I Capeesh har vi lang erfaring med å lære og å lære bort språk, og vi meiner at det viktigaste å øve på når ein lærer språk ikkje er grammatikk og rettskriving, men kommunikasjon, uttale og spontan samtale.
Difor har vi utvikla Capeesh-appen som gjer det mogleg å øve på uttale og samtalar med animerte samtalepartnarar gjennom rollespel som er 100 % talestyrte.

Einaste app i verda med nynorsk talegjennkjenning

Som einaste språklæringsapp i verda med nynorsk talegjenkjenning tilbyr vi eit unikt tilbod til alle som lærer eller lærer bort nynorsk! Dette er noko som har vore ein etterspørsel frå våre kundar, og vi er stolte over å no endeleg kunne tilby dette!

Følg med oss vidare framover når vi publiserer “Nynorsk for Begynnarar” som er på A2-nivå!

Les meir om korleis ein kan lære seg nynorsk med Capeesh her.